top of page

Veit du kva som bur i madrassa di?

Det er mange gode grunnar til kvifor overmadrassa bør skiftast med jamne mellomrom. Støv, svette og midd er tre av dei.

I løpet av ei natt tapar dei fleste av oss opptil ein halvliter væske i form av svette og pust. I tillegg kjem salt og daude hudceller av frå kroppen. Restar av kremar og annan kosmetikk hamnar óg i madrassa, og når at dette blandar seg med støv og skit får me eit festmåltid av midd.

Du har kanskje sett skrekkbilder av dei små krypa som meskar seg med kroppens etterlatenskapar. Men med mindre du er allergisk, er midd faktisk ufarleg. Midden lev på og rundt og heile tida, utan å gjere skade. For overmadrassa stiller det seg annarleides. Den forringast nemleg kraftig når den vert full av støv, hudrestar og midd. Overmadrassa har viktige funksjonar. Den aukar komforten og bidreg til god kvilestilling. Den beskyttar madrassa mot slitasje og den transporterar fukt. Dette gjer at du søv betre.

 

Visste du at du bør skifte overmadrass kvart 5. år?

 

4 gode overmadrasstips:

1. Dei aller fleste overmadrasser har vaskbart trekk. Eit godt tips er å ta på det nyvaska trekket men det framleis er litt fuktig, då er det mykje enklare å ha på.

2. Støvsug overmadrassa kvar gong du skifter sengetøy.

3. Fleire overmadrasser finns óg med splitt-topp som passar til regulerbare senger. Hugs å kjøp laken som er tilpassa seng med splitt. Desse er ofte merka "splitt-laken" på pakningen.

4. Uansett om overmadrassa er med eller utan "sommer" -og "vinter-side", snu og vend på overmadrassa når du skiftar sengetøy. Slik får ein ein jamnare slitasje på madrassa.

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page