LEVERINGSTIDER
Leveringstida vil variere etter leverandør, og ikkje minst etter kva produkt ein velgjer. Det er fleire ting som vil spele inn - modell, tekstil- og materialvalg, standard leveringstid ifrå produsent. Samtidig er det óg fleire aspekt me ikkje kan vete om til ein kvar tid som kan påverke leveringstida. Det er som oftast slike grunnar som forårsakar eventuelle forsinkingar. Dette er slik som kan skje, og me lyt ta litt forbehold for det.
Me prøver også å ha utvalgte varer på lager til kvar ei tid
TRANSPORT
Me leverer meir enn gjerne møblane heim til deg. I utgangspunktet leverar me og hjelp til å bære møbelet inn i rommet det skal stå. Her ønskjer me beskjed på forhånd om det er særskilte utfordringar med å få møbelet på plass. Me ber dykk derfor tenke også på at møbelet skal inn igjennom dørar og rundt hjørner i bestillingsøyeblikket!
Med mindre anna vert bedt om kjem sjåføren aleine på leveransen. Dette innebærer, at skal sjåføren hjelpe til å bære møbelet inn, lyt du som kunde stille med minimum 1 bærehjelp.
BETALINGSMETODAR
Me brukar å ta 10% forskotsbetaling på bestillingar.
Det resterande beløpet kan betalast i butikken, med faktura eller på sjåførens trådlause terminal dersom varene skal leverast.
MONTERING
Me tilbyr oss å montere varene for deg. Pris på dette vil avhenge av kva type vare det er.
Spør oss gjerne om dette i butikken.