top of page

Ull er naturens trendsettar!

Gulvtepper av ull er i vinden som aldri før, og godt er det! Ikkje berre ser det bra ut, det er óg veldig godt å gå på. Men det finst fleire grunnar til å velgje ull, ikkje berre på kroppen, men på golvet ditt.

 

Spar naturen med å velgje eit naturleg alternativ. Når dagen kjem for å byte ut teppet - som for øvrig bør gjerast med jamne mellomrom - er det mange gode grunnar for å velgje ull. Ull er nedbrytbart, og kan brukast igjen i nye klær eller tepper. Ull er gull for miljøet!

Mjukt og varmt

I tillegg til å vere eit miljøvennleg alternativ, er ein annan fordel med ulltepper at dei ofte er både mjukare og varmare enn sine syntetiske konkurrentar. Det er på mange måtar same prinsipp med golvteppet som det er med sofapleddet - ull varmar betre. Dette kan vere ein stor fordel i desse dagar, kor mange kanskje begynner å finne fram tøflane i takt med temperaturen utanfor døra.

Eit anna viktig aspekt ved valg av gulvteppe, er korleis det føles å gå på. Ulltepper er ofte mjukare for foten enn sine syntetiske brødre. Og det er noko spesielt med ull, nemleg at det er vanskeleg å kopiere. Det er berre ull som faktisk følast som ull. Ein kan finne langhåra og mjuke variantar også i det syntetiske sortimentet, men opplevelsen vert framleis ein heilt annan om ein går for eit teppe av ull.

Ull er trendy

Ulltepper har dei siste åra vorte veldig populært i dei tusen heimane. Mykje av dette skyldast nok eigenskapane trukke fram ovanfor, men det hjelp óg på at produsentane har vorte veldig flinke til å produsere tepper i ulike variantar, fargar og fasongar. Det er nesten berre fantasien som sett grenser. Ull finst som langragga eller flatvevd. Store og små. Runde og firkanta. Med eller utan mønster. Dette gjer at funksjon ikkje treng å gå på bekostning av design, eller omvendt.

Fleire av ullteppa i vårt sortiment er óg håndlaga, og godt handtverk vil alltid vera tøft! Dette betyr at nokon har lagt sjel og stolthet i eit produkt du har i heimen din.

Ulltepper er rett og slett udelt eit positivt alternativ til syntetiske variantar, og det er ikkje slik lengre at eit ullteppe behøver å vere så veldig mykje dyrare enn syntetiske alternativer.

Me har akkurat fått inn fleire nye, flotte ulltepper ifrå to skandinaviske produsentar. Kom innom og sjå då, vel!

Utvalgt innlegg
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page